Hør utdrag
Voluspå - Diverse

Voluspå

Voluspå

3.85 33 5 Forfatter: Diverse Innleser: Edvard Drabløs
Finnes som lydbok.
Finnes som e-bok.
Voluspå er eit dikt frå 'Den eldre Edda' som handlar om fortida og framtida, byrjinga og slutten, i den norrøne gudelæra. Diktet både ei forteljing om korleis verda blei til og ein domedagsprofeti. Opphavet til Voluspå er ukjent, men ein reknar med at det anten er dikta i Noreg eller på Island seint på 900 talet. Somme forskarar meiner det kan vera noko yngre. Det er prega av brytinga mellom heiden og kristen tid. Voluspå tek til med at Odin går til ei volve for å få henne til å spå om framtida. Før ho tek fatt på spådommen, vender ho blikket attende mot opphavet for skaparverket og vidare frametter mot notida tida Voluspå blei skrive. Etter det følgjer spådomen hennar om framtida. I skremmande bilete skildrar ho korleis verda går under i Ragnarok og æsene fell. Like før verda går til grunne, kjemper Tor, som den einaste attlevande guden, ein siste gong med Midgardsormen. Slaget endar med at sola sloknar og verda søkk i havet. I dei siste strofene fortel volva korleis jorda stig opp att frå havet, og ei ny verd blir til.
Språk: Norsk Kategori: Historie Serie: Norrøne klassikere: 3 Oversetter: Ivar Mortensson-Egnund

Produktdetaljer lydbok:

Forlag: Cappelen Damm
Utgitt: 2012-02-01
Spilletid: 18M
ISBN: 9788202417840

Produktdetaljer e-bok:

Forlag: Cappelen Damm
Utgitt: 2013-12-31
ISBN: 9788202476700
Kommentarer

Ha alltid en god bok klar – lytt og les hva du vil, når du vil

Les og lytt til så mange bøker du bare vil! Med Storytel kan du lese og lytte ubegrenset til lydbøker og e-bøker i alle sjangre. Du kan enkelt veksle mellom lytting og lesing, og du kan alltid ha bøker offline, slik at favorittbøkene dine er tilgjengelige selv om du ikke har mobildekning. Kort sagt; den beste digitale bokopplevelsen du kan få!
Prøv Storytel nå