Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889. I "Det uferdige huset" har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye, sjølvstendige Noreg. Den dagen Gabriel Hallvardson kjem til verda, er ein svart dag i Hauge-gardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, på den eine eller andre måten, og kor det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn. "Alle endrar seg, også dei døde", tenkjer Gabriel. Og han finn trøyst i orda, især når dei liksom svingar seg framfor han og det berre er å henta dei ned på papiret. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg. Men kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter når det trengst? "Det uferdige huset" er ein roman om å koma til skrifta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet. Lars Amund Vaage har skrive fram eit gripande portrett av ein ung mann i spenn mellom pliktkjensle og kunstnarkall.
© 2022 Forlaget Oktober (Lydbok): 9788249524129
Utgivelsesdato
Lydbok: 15. mai 2022

Kos deg med ubegrenset tilgang til mer enn 600 000 titler.
Generell vurdering basert på 26 anmeldelser
Innsiktsfull
Kjedelig
Tankevekkende
Last ned appen for å skrive anmeldelser av bøker.
Viser 6 av 26
Janne
30. mai 2022
Grei innføring i korleis det var då nynorsken og folkehøgskulane vart innført.
Dina
20. mai 2022
Absolutt en interessant innføring i nynorsk stridens historie
Tor Arne
1. juni 2022
Tung å høre på og kjedelig helt til slutten.
Kristine
16. juni 2023
Elsket denne boken fra første setning.
Rachel Larsen
7. juni 2022
Klokt skrive, full av innsikt i menneskesinnet og historia, både med omsyn til det norske språket, litteraturen og om korleis folk levde før. Ein danningsroman som vil bli ståande som ein klassikar.
Oddny
24. mai 2022
God bok!
Norsk
Norge