330 Anmeldelser
4.51
Serie
Del 5 av 6
Språk
Norsk
Kategori
Romaner
Spilletid
9T 11M

Jordmor på jorda - huset under Blåhammaren

Forfatter: Edvard Hoem Innleser: Edvard Hoem Lydbok

Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og ho var i livets teneste i meir enn femti år. Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og da mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera. Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Dette er ikkje berre ei forteljing om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør. Med denne romanen har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med Slåttekar i himmelen (2014), fått eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der.

© 2021 Forlaget Oktober (Lydbok) ISBN: 9788242168580

Oppdag mer av

Andre liker også ...